|
Undervisninga
vil fokusere på teknisk kunnskap av sjølve handverket i kunsten.
Handverket er ein føresetnad for eksperimentering, og skulen skal
ha grundig undervisning i ulike kunstteknikkar. Me ønskjer å
leggje vekt på ei utdanning der materiallære er høgt
verdsett. Kva lærarkrefter skulen vil ha knytt til seg vil vere med
og forme innhaldet. Hovudretningane av fag ønskjer me i utgangspunktet
vil vere desse:
-
Teikning/maling (Fine Art)
- Skulptur,
glas og keramikk(tredimensjonal Fine Art)
- Kunstterapi
(Art Therapy)
- Me
vil i tillegg leggje vekt på å kunne tilby kunsthistorie,
kunstnarisk kommunikasjon, etablerarlære, landskapskunst, med
meir
Undervisninga
vil vere modulbasert og me tar sikte på at det skal gå over
to skuleår.
Filosofien vil fokusere på individuell rettleiing.
Studentane skal få eit solid teknisk grunnlag, og arbeide med evna
å klare å sjå sitt eige potensiale i kunsten, samtidig
sjå kva som skal til for heile tida forbetre seg. Dette er viktig
for å styrke si eiga merksemd på utvikling.
Ved å skape ein dialog om kunsten både på tomannshand
og i plenum, skal studentane bli betre til å lære å
kjenne sine sterke og svake sider utan at det kjennest som ein trussel.
Me skal konkretisere studentane si evne til å tru på sine
eigne prosjekt, ved å vere handgripeleg i dialogen
|