|
Kvam
ligg vakkert til ved Hardangerfjorden, ein god times køyring frå
Bergen. Kunstskulen vil her få med seg eit solid historisk bakteppe,
og plassere seg i eit område med ekstraordinær stor aktivitet
innan kunst og kultur i dag. Det vil liggje godt til rette for samspel med
dei andre kulturelle føretaka som både er her allereie, og
som er undervegs mot realisering. For å nemne nokre: Harding Puls,
Hardanger Fartøyvernsenter, Ingebrigt Vik Museum, Kunsthuset Kabuso,
Kvam Kulturskule, Kvam Kunstlag, Kinch-Tunet, Fyksesundet Landskapspark,
Barselgrad, Hardanger Folkemuseum og Agatunet og realiseringa av Hardinghuset.
Sjølv om Kvam skal vere hovudbasen for skulen, ønskjer skulen
å ta heile Hardanger i bruk, til dømes ved at det kan finnast
prosjektarbeidsplassar for studentane spreidde rundt i regionen. Eit tett
samarbeid med Hardangerrådet. Flytt til Hardanger og Hardangerlokk
er særskild viktig i realiseringa av skulen.
Kombinasjonen av nærleik til natur og nærleik til by er ein
stor fordel. Plasseringa vår vil vere med å gjere skulen annleis
enn dei andre ni kunstskulane i landet, som alle ligg i byar. Me vil også
utvikle eit så særeige studietilbod, at det vil vere meir naturleg
å snakke om samarbeid enn konkurranse med desse skulane.
Ringverknadene
ved ei slik skuleetablering kan bli store for Kvam og
Hardanger.
- Kunstskulen
vil vere med på å setje Kvam og Hardanger tydelegare på
kartet, og styrkje det som er eit av området sin viktigaste identitet:
Kunst
og kultur.
-
Skulen
vil bli ein katalysator for andre kunst- og kulturaktivitetar.
- Kvam
vil få ein nyttig tilvekst av unge innbyggjarar, noko som vil
bli ein styrke for til dømes kaféliv og eksisterande kulturaktivitetar
- Som
andre skular, vil kunstskulen spele ei rolle som kunde og
medspelar i det lokale næringslivet i det heile.
-
Skulen vil kunna dra lærarkrefter til bygdene, kanskje også
som faste innbyggjarar.
- Med
Kunstnarar kjem kompetanse og idealisme saman med ein god porsjon handlekraft.
Det vil heile regionen nyte godt av.
- Om Hardanger fortset
å utvikle seg i ei sunn retning når det gjeld satsing på
kunst og kultur, vil truleg ein del av elevane busetje seg i Hardanger
og gjere regionen rikare.
|