![]() |
||||||||||||
| Me
fekk støtte frå Hardangerrådet og Kvam Herad til å
gjennomføra eit forprosjekt for Hardanger Kunstskule. Forprosjektet
har føregått i perioden 12 januar 2006 til 14. februar 2007.
I dette arbeidet har me granska føresetnader og forhold rundt skuleetablering både breidt og djupt. Me har satt oss inn i gamle lovforslag, og kasta oss over nye lovforslag, uttala oss i forbindelse med høyring, hatt møte på Stortinget og i Hordaland Fylkeskommune, besøkt fleire tilsvarande skuler og mykje mykje meir. Me har arbeida med å belysa flest mogleg sider ved tiltaket. Me føler oss godt rusta til å ta fatt på neste fase. Prosjektgruppa for Haku har gjort to initiativ overfor Kvam herad, i samband med kommunen sitt budsjettarbeid for 2007: Oppmoding om å ta nokre viktige steg i ei heilskapleg kulturell satsing Lokkeveke
i Kvam
Anna
Stina Næss, prosjektleiar, og Hanne Borgersen prosjektansvarleg.
|
||||||||||||