HAKU – Hardanger kunstskule

 

www.haku.no

e-post: post@haku.no

telefon:  934 94 145 (9-16)

Facebook: www.facebook.com/hardangerkunstskule

 

  •  

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

HAKU – Hardanger Kunstskule vart etablert i januar 2013 i Norheimsund i kulturkommunen Kvam. Eit rikt kulturliv og eit sterkt lokalt og internasjonalt kunstmiljø gjer Hardanger til ein stimulerande stad å studere kunst.

 

HAKU tilbyr ei 2-årig utdanning som gjev brei fagleg basiskompetanse innan eit mangfald av kunstnarlege disiplinar. Som elev ved HAKU lærer du å bli eit kreativt tenkande menneske. Såleis er utdanninga ved HAKU nyttig for ei framtid i mange ulike yrker.

 

Basisfaga er teikning, maling, skulptur, rom, keramikk, kunstterapi, kunsthistorie, kunstkommunikasjon og etablerarlære. HAKU er den einaste kunstskulen i Noreg med undervisning i kunstterapi, eit fag som legg vekt på personleg vekst og kreativ utvikling gjennom den skapande prosessen. «Støttefaga» kunstkommunikasjon og etablerarlære set fokus på «alt» ein må ha kunnskap om i tillegg til å skape kunst: fomidling, ulike støtteordningar, økonomi, marknadsføring, utstillingsteknikk m.m. HAKU-elevar lærer å arbeide både med sjølvstendige prosjekt, i grupper og med eksterne samarbeidspartnarar.

 

Målet for skulen er å gje grunnlag for:

  • høgare studiar innan kunst/design/innovasjon/kunstterapi
  • etablering av kreative næringar.

Både lærarar og gjestelærarar ved HAKU er profesjonelle kunstnarar gjennom utdanning og yrkeserfaring. Våre lærekrefter har delteke på utstillingar i inn- og utland, og gjev elevane innblikk i alle delar av kunstnaren sitt arbeid. Skulen samarbeider også med profesjonelle kunstnardrivne verkstader i Bergen. Som den høgaste utdanninga innan kunstfeltet i Hardangerregionen, får elevar ved HAKU unike høve til å arbeide med utadretta prosjekt både lokalt og regionalt i løpet av studietida. Dette gjev viktig erfaring og sjølvtillit, og eit realistisk innblikk i samfunnet sitt behov for menneske med initiativ og kreativ kompetanse. Slik kompetanse er ein styrke anten du seinare vert kunstnar, arkitekt, ingeniør, kunstterapeut eller økonom.

La HAKU vere starten på DIN kreative karriere!HAKU har ein årleg studietur til utlandet i tillegg til kortare ekskursjonar innafor Hordaland, og utdanninga er godkjend av Statens Lånekasse for Utdanning (www.lanekassen.no).