HAKU — Hardanger Kunstskule er ein ny privat kunstskule som starta i januar 2013.

  • Kontinuerleg opptak fram til 30.sept.
  • Skulen er godkjend etter Vaksenopplæringslova,
    og gjev rett til lån i Statens lånekasse for utdanning.
  • Skulepengane er på kr 17.500 per semester + cirka kr 2.500 i materialutgifter.
  • Ein ev. studietur kjem i tillegg med inntil kr 2.500 i eigenandel.
  • Kr 1.500 (av dei kr 17.500) må betalast inn som ei stadfesting
    på at du tek imot skuleplassen.

Opptaksprøve

Her finn du opptaksprøve for HAKU.
Skriv ut, fyll ut, og send inn saman med arbeid, helst digitalt lagra (sjå oppgåve 1).
Gå til digital versjon.

HAKU Opptaksprøve

  • Oppgåve 1 – valfri oppgåve
    Send inn 3–5 arbeid i ulike teknikkar. Du kan bruke arbeid som er inntil tre år gamle. Fyll i tillegg ut Skjema for innsendte arbeid. Det er ønskjeleg at søknaden vert sendt inn digitalt (dvs. fotodokumentasjon av originalarbeid), men HAKU tek sjølvsagt også imot originalarbeid. Hugs då å merke arbeida med namnet ditt.
  • Oppgåve 2 – obligatorisk oppgåve
    Skriv eit kort motivasjonsbrev om deg sjølv og dine interesser, litt om kvifor du søkjer skuleplass ved HAKU, og kva forventningar du har til utdanninga.

Innsendte arbeid saman med det du skriv skal gje oss eit bilete av kven du er og kva mål/draumar/ambisjonar du har.

Svar på søknaden kan forventast innan ti virkedagar frå søknaden er motteke.